Halsnøy Kloster er ett av Norges første kloster. Det er eit augustinerkloster, og ble bygd av Erling Skakke ein gang på 1100-talet. Her var det på den tida både sjukehus, kyrkje, overnatting, fiske- og jordbrukshandel, og diverse andre arbeidsplassar. Det var augustinermunkar og -nonner som tok seg av sjuke sjømenn, soldatar, bønder og andre sjuke mennesker. Den dag i dag er Halsnøy Kloster ein turistattraksjon, der folk frå heile Norge besøker klosteret kvart år. Like ved klosteret ligg Sunnhordland folkehøgskule. Stein fra klosteret kan man finna igjen blant anna på Stord. I klosterhagen kan man framleis finna spor etter urter og andre plantar som blei brukt blant anna til medisin i klosteret.